Vannskapt
Av Vegar Vallestad
Tema for mitt bachelorprosjektet er matsvinn. Hushaldningane står for ca 2⁄3 av all mat som blir kasta i Norge. Gjennom prosjektet ønsker eg å medverke til at forbrukeren blir meir medviten på verdien av mat og fokusere på gleden ved å dyrke noko sjølv. Måten eg vil tilrettelegge for dette er gjennom eit system for heimedyrking
Den faglige motivasjonen for prosjektet er at i Norge kastar vi 390 000 tonn mat som fint kan etast kvart år. Problemstillinga er samfunnsmessig relevant, både nasjonalt men også utenfor Norges grenser. Min personlige motivasjon er at eg vaks opp på ein liten vestlandsgård der det var vanleg å utnytte mesteparten av rester og råvarer sjølv om dei ikkje var estetisk tiltalande eller optimale. Mat blei veldig sjeldan kasta.
Målet for prosjektet er å løyse ein del av utfordringene knytta til matsvinn gjennom eit konsept for å dyrke sin eigen mat heime. Oppgåva fokuserar både på den funksjonelle og den estetiske delen av designløysninga. Målgruppa vil strekke seg fra unge voksne til gamle, men det vil også være interessant for barn å følge vekstprosessen.
Dette prosjektet handler ikkje om matsvinn på grossist og matvareindustrinivå, men er begrensa til hushaldningar. Det tar heller ikkje for seg politiske agendaer. Prosjektet forsøker ikkje løyse alle utfordringer knytta til matsvinn i
heimen, men forsøker å bidra til større medvit rundt matvarer og skape ein sterkare tilknytning til matforbruk. Prosjektet har objekt som fokusområde, objektets integrering i interiøret blir en mindre del av oppgåva.
Vannskapt har fått navnet sitt fordi hydroponisk dyrking er dyrking i vatn, utan jord. Planten tar opp all næring gjennom røttene som enten ligg permanent i vatn eller blir tilført vatn periodisk. Den andre betydninga av navnet er at at vi kastar enorme mengder mat kvart år, nokon vil kanskje kalle det vannskapte mengder.
Vegar Vallestad (NO)
Som stjernene vandrer, likeeins vandrar vi. Men vi vandrar ikkje i rette linjer. Vi erfarer, vi former, vi endrar. Ein bevegande masse av tankar, viljer, meiningar. Ein form som tyt ut, som trekker, dytter, flytter. Eit langsomt vesen, uendelig meislande. I punktet der fantasi møter realitet. Design er oss, vi er design. Designer, illustratør, møbelmaker.