DUR
Av Thomas Sivertsen
Korleis kan eg gjennom objektdesign og romlege verkemidlar stimulere til musikalsk fridom og gje dei av oss med nedsett funksjonsevne ei kjensle av meistring og Verdi?
DUR er designa for å gjere musikk enkelt og tilgjengeleg uansett kven ein er eller kvar ein er. Eg har teke utgangspunkt i De glade musikanter, ei musikkgruppe i Austevoll med musikkglade medlemmar som har ulike formar for psykisk utviklingshemming. Systemet er lett forståeleg då det tek utgangspunkt i ein lett attkjenneleg stablefunksjon. DUR baserer seg på enkle og intuitive instrument og med ein blanding av slagverks- og risteinstrument legg lydobjekta til rette for at brukarane skal ha gleda av eit allsidig lydbilete, som passar inn i dei fleste musikalske samanhengar. Dur er gleda i musikken.
DURHUSET er designa for alle i Austevoll med nedsett funksjonsevne som ønskjer å utfolde seg musikalsk. Bygget er basert på dei naturlege rørslene me gjer for å skape rytme, difor er delar av golvet og somme veggar ilagt trommerasle, slik at alle kan delta musikalsk, uavhengig av funksjonsnedsetjing. Durhuset oppfordrar til musikalsk fridom, men gjer det klart at det er brukarane som er instrumentet og vil fungere som ein høgtalar for dei, her skal dei verta sett og høyrt, her er dei i senter.
Thomas Sivertsen (NO)
Eg er Thomas og eg er ein 22 år gammal Austevolling. Eg er oppteken av historieforteljing og eg ønsker at det eg lager får folk til å tenkje og setter lys på tema som er viktig for meg. Som designar ønskjer eg å utfordre normer og eg vil ved hjelp av design jobbe for inkludering og synleggjering.